Skjønnlitteratur

Sanne historier: noveller

«Som novellekunstnar er Sortland framifrå, då det viser seg at vi aldri veit kvar vi skal, samstundes som novellene heng saman frå start til slutt, sett i retrospekt. […] Gaute M. Sortland har skrive ei heilstøypt nove...»
— Ingvild Bræin, Dag og Tid
«Det var dagar då eg fekk lyst til å helle ein tynn stråle ut av tuten på kaffikjelen og ned på handbaken, og stå slik på kjøkenet og telje sekund, sjå kor lenge eg klarte å halde ut før eg stakk handa under den kalde vasstrålen. Men i dag kunne eg ikkje tillate meg slikt tull. Nei, i dag ville eg drikke kaffi som eit vanleg menneske.» Folka du møter i den nye novellesamlinga til Gaute M. Sortland, strevar alle med sitt. Dei er gjerne på veg ein plass, over i ein ny livsfase, til dømes, eller meir bokstaveleg, om bord i eit framkomstmiddel, gjerne ein buss. Hadde det gått eit tog, kunne nokon tatt det. For andre skjer forflyttinga gjennom kjærleikssorg eller sjukdom. Jamvel ved hjelp av fleinsopp eller ei mongolsk badstove. Vel framme går livet vidare. For dei fleste.
329,00 kr
Utgivingsår
2023
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234011627
Meldingar

Sagt om boka

1 omtale

«[Sanne historier] stadfester Sortlands særmerker som forfatter, teknisk, tematisk og stilistisk; skråblikk på verden, glimt i øyet, en lun og underfundig vestlandsstoisisme.»

— Sigmund Jensen, Stavanger Aftenblad

Gaute M. Sortland
Om forfattaren

Gaute M. Sortland

GAUTE M. SORTLAND (f. 1980) kjem frå Haugesund. Han debuterte som forfattar med romanen Johan i 2009, og sidan har han gitt ut ein ungdomsroman og fleire kortprosa-og novellesamlingar. Tid og rom er den niande boka hans, og den andre romanen. Sortland er òg kjend som songar og musikar i Bergen Mandolinband.