InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Forkynnaren: roman

Jan Roar Leikvoll etterlét seg ei stor mengd ufullenda tekstar. Ein av desse var Forkynnaren. Her møter vi den gamle mannen Hans som vaknar etter eit lengre sjukeleie, overtydd om at han har fått eit kall. Uviss på kva som ventar han, forlét han garden og ror utover fjorden, for aldri meir vende attende. Forkynnaren er ei forteljing om tap, trøyst og forsoning. Frå glaset ser eg ut på mørkret som fell, eg set meg på kne og støttar olbogane i vindaugskarmen, foldar hender, og eg er eit tre, ein robåt, eg er ein by og eit svaberg, årer som ventar at nokon skal ro, ein mann i svarte og kvite klede på ein benk framfor ein kvit og høg vegg, ei kyrkje. Jan Roar Leikvoll (1974-2014) hausta strålande kritikkar for sine fire første romanar. Bøkene hans er kjenneteikna av eit brutalt, rått, men samtidig vakkert og kjenslevart språk, der yttergrensene av menneskeleg erfaring blir portrettert. Leikvoll var ein original forteljar som hadde mot til å gå sine heilt eigne vegar. Han blei nominert til fleire prisar, og vart tildelt Sigmund Skard-stipendet, Samlagsprisen, den prestisjetunge Stig Sæterbakkens minnepris og Bokhandelens forfattarstipend 2013.
429,00 kr
Sider
92
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252188998
Jan Roar Leikvoll
Om forfattaren

Jan Roar Leikvoll

Jan Roar Leikvoll (1974-2014) kom frå Frekhaug i Nordhordaland og studerte ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008 og følgde opp med ytterlegare tre romanar: Fiolinane (2010), Bovara (2012) og Songfuglen (2013). Forkynnaren (2015) blei publisert posthumt. Han blei frå og med debuten omtalt som ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny norsk litteratur. Bøkene hans er kjenneteikna av eit brutalt, rått, men samtidig vakkert og kjenslevart språk, der yttergrensene av menneskelig erfaring blir portrettert. Leikvoll var ein original forteljar som hadde mot til å gå sine heilt eigne vegar, og for dette hausta ros frå både kritikarar og lesarar. Leikvoll blei nominert til fleire prisar, og mottok Sigmund Skard-stipendet, Samlagsprisen, den prestisjetunge Stig Sæterbakkens minnepris og Bokhandelens forfattarstipend 2013.