Flytårn
Innbunden

Flytårn

Då isen forsvann, kunne steinalderfolket bu der dei ville og ikkje der dei måtte. Dei busette seg i eit sund mellom fire øyer, og fekk både lun hamn og tilgang til ope storhav. Langt seinare kom flyplassen til byen. Flygeleiaren har utsikt frå buplassen i vest, mot jaktstaden i aust. Han har gode kunnskapar om meteorologi, geografi og samfunnsmessige tilhøve i området. Han får familie. Ser dei kvarandre?

Flytårn er ei historie om utvandring og innvandring, om dei som fer fordi dei er usikre på seg sjølve. Andre er så trufaste at dei blir sjuke av det. Det er også ein måte å fare på.

Dette er den andre romanen til Mette Karlsvik. Ho debuterte med Vindauga i matsalen vender mot fjorden, ei bok ho fekk Tarjei Vesaas_x0092_ debutantpris for i 2005.

429,00 kr
Mette Karlsvik
Om forfattaren

Mette Karlsvik

Mette Karlsvik (f. 1978) debuterte i 2005 med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden, som ho fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. I 2012 fekk ho både Bokhandlarstipend, Stig Sæterbakkens minnepris og Skien kommunes kunstnarstipend. Romanen Bli Björk (2011) blei nominert til Brageprisen. Forfattarskapen hennar er kjenneteikna av eit unikt blikk på verda, eit blikk som famnar alt frå det mikroskopiske til det globale, gjerne i éi rørsle og setning.