Flyt

Barn og ungdom

Flyt

12–16 år 3 t 44 min
Seksten år gamle Anette har alt, pluss ein kjærast som ho ikkje eigong vil ha. Eller vil ho ha han likevel? Det veit ho ikkje. Det er i det heile mykje Anette ikkje er heilt sikker på både når det gjeld kjærasten Fredrik, ekstypen Bobby, livet, skolen og han rare guten i tredje gym. Men på den rappkjefta og frekke måten sin utforskar ho uredd livet, og seier ikkje nei verken til fest eller rus. Ho har full kontroll. Flyt er ein sjølvstendig oppfølgjar til Kunsten å inhalera.
279,00 kr
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234004186
Ingelin Røssland
Om forfattaren

Ingelin Røssland

Ingelin Røssland (f. 1976) er frå Tysnes i Sunnhordland, men busett i Sverige. Ho debuterte med Viss du vil i 1998. For Handgranateple i 2006 blei ho tildelt Sunnmørsprisen og Uprisen. Ho har også motteke Sigmund Skard-stipendet, Guro Sandsdalens litteraturpris og Falturiltuprisen. Bøkene hennar er omsette til tysk, fransk, engelsk, færøysk og dansk. Ho er kanskje mest kjend for trilogien om Engel Winge. Den siste boka hennar var OMG frå 2019, som vart nominert til Kritikarprisen og til Uprisen.