Fiolinane: roman

Skjønnlitteratur

Fiolinane: roman

Jan Roar Leikvoll fekk stor merksemd for debutboka Eit vintereventyr, og med si andre bok viser han seg nok ein gong som ein original forteljar som tør å gå heilt eigne vegar. Storesystera er død, veslesystera ligg for døden, og han sjølv har begynt å kjenne eit punkt på ryggen der sola brenn ekstra sterk. Går det same vegen med han? Den unge mannen kjenner seg einsam og søker ly hos sitt faste haldepunkt i tilveret: bestefaren, fiolinisten, som bur på eit høgdedrag eit stykke unna familien og flokken deira.
329,00 kr
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252182231
Jan Roar Leikvoll
Om forfattaren

Jan Roar Leikvoll

Jan Roar Leikvoll (1974-2014) kom frå Frekhaug i Nordhordaland og studerte ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008 og følgde opp med ytterlegare tre romanar: Fiolinane (2010), Bovara (2012) og Songfuglen (2013). Forkynnaren (2015) blei publisert posthumt. Han blei frå og med debuten omtalt som ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny norsk litteratur. Bøkene hans er kjenneteikna av eit brutalt, rått, men samtidig vakkert og kjenslevart språk, der yttergrensene av menneskelig erfaring blir portrettert. Leikvoll var ein original forteljar som hadde mot til å gå sine heilt eigne vegar, og for dette hausta ros frå både kritikarar og lesarar. Leikvoll blei nominert til fleire prisar, og mottok Sigmund Skard-stipendet, Samlagsprisen, den prestisjetunge Stig Sæterbakkens minnepris og Bokhandelens forfattarstipend 2013.