Generell litteratur

Ferdaminne frå sumaren 1860

Klassikar i norsk litteratur. Ferdaminne frå sumaren 1860 er rekna som Vinjes viktigaste verk. Boka er forma som eit reisebrev frå den store noregsreisa Vinje gjorde i 1860. Ho er halden i kåserende form, med lyriske innslag, og inneber eit brot med det romantiske synet på bonden. Her finn lesarane underhaldande skildringar, dikt og agronomiske utgreiingar om kvarandre. Dette pionerverket i norsk journalistikk inneheld òg den lyriske perla Ved Rondane.
299,00 kr
Sider
287
Utgivingsår
2018
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252196795
Aasmund Olavsson Vinje
Om forfattaren

Aasmund Olavsson Vinje

Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870) er ein bauta i norsk kulturhistorie. Han var redaktør for Dølen, den første nynorske avisa, han var nyskapande journalist og er blitt ståande som ein av våre store, folkekjære lyrikarar.