Skjønnlitteratur

Storegut

Illustrert meisterverk frå A. O. Vinje. Diktverket Storegut kom ut i 1866 og er eit klassisk verk i den norske bokheimen. Den dag i dag er verket kjent for mange lesarar, som denne strofa frå Det syng fyr Storegut: Den dag kjem aldri at eg deg gløymer; for um eg søver, eg um deg drøymer. Um natt og dag er du like nær, og best eg ser deg når myrkt det er. Storegut var ein historisk person som levde i Telemark på slutten av 1700-talet, og har levd på folkemunne heilt sidan den gong. Mange kunstnarar har late seg inspirere av kjempekaren frå bygdene i Telemark. Denne utgåva inneheld illustrasjonane til Storegut av Harald Kihle og Henrik Sørensen.
249,00 kr
Sider
159
Utgivingsår
2018
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252197051
Aasmund Olavsson Vinje
Om forfattaren

Aasmund Olavsson Vinje

Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870) er ein bauta i norsk kulturhistorie. Han var redaktør for Dølen, den første nynorske avisa, han var nyskapande journalist og er blitt ståande som ein av våre store, folkekjære lyrikarar.