Fange 59. Taterpige: roman

Skjønnlitteratur

Fange 59. Taterpige: roman

Den unge taterjenta Maria kjem bort frå følgjet sitt og hamnar på tukthuset. Her fortel ho historia om livet på landevegane, med familien og folket hennar, og med guten ho blei forelska i. Ei ung taterjente er på flukt gjennom Trondheims gater. Byens vaktarar vil ha henne og folket hennar vekk frå byen. Maria kjem bort frå følgjet sitt og hamnar på tukthuset. Her fortel ho historia om livet på landevegane, med familien og folket hennar, og med guten ho blei forelska i. Fange 59. Taterpige er eit sterkt portrett av ei ung jente som får livet snudd på hovudet. Dette er ein roman om lengt, vennskap, pågangsmot og kjærleik.
329,00 kr
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252182200
Aina Basso
Om forfattaren

Aina Basso

AINA BASSO (f. 1979) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. Ho har seinare skrive romanar for både ungdom og vaksne, i tillegg til sakprosa for barn og unge om heksejakta i Europa. For ungdomsboka Inn i elden blei ho nominert til Brageprisen i 2012 og Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk råds pris for beste barne- og ungdomsbok i 2013. Ho blei tildelt Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris for romanen Fange 59. Taterpige (2010). For Finne ly (2014) fekk ho Bokbloggerprisen i kategorien Årets roman. I 2022 blei Basso tildelt Samlagsprisen for den skjønnlitterære forfattarskapen sin. Ho blei òg nominert til Brageprisen i open klasse: sakprosa for barn og unge for Dei dødsdømde. Aina Basso var festspeldiktar for Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda i 2022 og festivalforfattar for Falturiltu i 2023.