Korleis kan ein vere sikker på at ein handlar riktig i vanskelege situasjonar i profesjonelt arbeid? Kva hjelp får ein frå reglar og retningsliner, og kor mykje bør ein bruke eige skjønn når ein kjem i tvil om rett handling? Denne boka handlar om korleis profesjonsutøvarar kan reflektere i utfordrande situasjonar for å handle rett og godt - slik at publikum får tillit til profesjonen og den profesjonelle bevarer sjølvrespekten.
Boka drøfter særskilte forventningar og krav til profesjonsetikken, og viser kva det vil seie å identifisere, reflektere over og handtere etiske problemstillingar i profesjonelt arbeid. Det blir gjort greie for nøkkelomgrep som opne og skjulte verdiar, normer, etikk og moral, og lesaren får ei innføring i sentrale etiske teoriar: dygdsetikk, pliktetikk, konsekvensetikk, diskursetikk og relasjonsetikk. Avslutningsvis blir etiske refleksjonsmodellar presenterte.
For personar som har med andre menneske å gjere i arbeidet sitt, vil boka kunne gi både eit solid teoretisk grunnlag for refleksjon og vere ei praktisk handbok til hjelp i møte med profesjonsetiske utfordringar.
Einar Aadland (f. 1950) er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo. Han er tilknytta mastergradsprogrammet i «Verdibasert ledelse», og har publisert bøker, artiklar og forskingsrapportar innanfor områda etikk og verdiar, organisasjonskultur, vitskapsteori og leiing.
Sitat frå melding
«Etter å ha lest denne boken vil jeg på det varmeste anbefale at også andre vernepleiere (og fagpersoner i helse- og omsorgstjenesten) leser denne boken.» - Rolf Magnus Grung, Vernepleier