Eplemos mot kjærleikssorg

Janosch |
Innbunden | ISBN: 9788252153392

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price250 kr

Tigeren og bjørnen er tilbake! Det Norske Samlaget gir i år ut ei ny bok med tekst og illustrasjonar av populære Janosch, fødd i Oberschlesien og med yrke som fri kunstnar sidan 1953. Tittelen på boka er "Eplemos mot kjærleikssorg". Denne gongen er det oppskrifter og mat det handlar om. Ein dag den vesle bjørnen kjem heim frå fiske, sit den vesle tigeren på golvet og græt gudsjammerleg som ei regnsky. Det viser seg at han har kjærleikssorg på grunn av Maya Papaya. Men den vesle bjørnen veit råd mot slikt: Det er eplemos som skal til!Og dermed får vi oppskrifta på eplemos - og utover i boka kjem det fleire oppskrifter: På kokte poteter, salat, kvitlauk-bjørnesuppe, risengrynsgraut og bekkeaure med mandelkjernesaus. Korleis ein lagar desse rettane for sjela - det er kunsten. Ei herleg Janosch-bok til glede og nytte!

Mange vil kjenne att Janosch-figurane frå Barne-TV.Boka er omsett frå tysk av Ragnar Hovland.

Du likar kanskje desse

Sist sett på