Eksetiana

Jostein Fet

Aarflots prenteverk var det første trykkeriet som låg på landsbygda i Noreg, utanfor det kulturelle og politiske sentrum.

Litteratursosiologen Jostein Fet (f. 1924) har utarbeidd ein kronologisk ordna bibliografi over 716 bøker, småtrykk, tidsskrift, aviser, høvestrykk, almanakkar og himmelbrev som vart prenta på Aarflots prenteverk i perioden 1809–1935. Bibliografien gir eit unikt innsyn i kulturelt og intellektuelt liv i distriktet og landet. Fet flettar inn biografiske skisser, viser til samtidige hendingar og bøker i inn- og utland og gir perspektivrike og ofte underhaldande kulturhistoriske kommentarar både i djupna og breidda.

Av Jostein Fets mange artiklar og bøker har særleg Lesande bønder (1995) og Skrivande bønder. Skriftkultur på Nord-Vestlandet 1600–1850 (2003) hausta mange lovord i inn- og utland, og han vart i 2006 tildelt den nystifta Forskarprisen på Høgskulen i Volda.


ISBN: 9788252169386

Kategoriar: Jostein Fet

Emneknagg: 2006, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Jostein Fet