Ekofisk, Eidsvoll: eit essay om oljepengar og Grunnlova

Generell litteratur

Ekofisk, Eidsvoll: eit essay om oljepengar og Grunnlova

«Korleis kan vi binda oss til masta på eit vis som sikrar berekraftig bruk av oljepengar gjennom tida? Kan vi tryggja finansformuen vår, Oljefondet, i all æve til Dovre fell? Desse spørsmåla er kalde og norske; gjennomtenkt sjølvopptekne. Meininga med denne boka er å tenkja gjennom moglege svar. Målet er å skriva setningar og avsnitt som har med Grunnlova, den djupe politikken, å gjera. Innspel til ei konstitusjonell offentlegheit.» Ekofisk, Eidsvoll er eit essay om petroleum og statsstyring, den fyrste amerikanske finansministeren Alexander Hamilton, det gløymde Statens reservefond, Odyssevskvædet av Homer, historia om forfattaren sin tyske stamfar og ein familieformue som gjekk tapt. Essayet munnar ut i ferdaminne frå øya St. Croix og skisser til grunnlovfeste handlingsreglar for bruk av oljepengar; utkast til demokratiske samtalar om norske statsfinansar. Morten Søberg (f. 1969) kjem frå Trondheim. Han har vore statssekretær i Finansdepartementet og finanspolitisk og konstitusjonell rådgjevar for Senterpartiet på Stortinget. Søberg arbeider no som direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 Gruppen. Ekofisk, Eidsvoll er den fjerde essaysamlinga hans.
299,00 kr
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252193909
Morten Søberg
Om forfattaren

Morten Søberg

(f. 1969) kjem frå Trondheim og arbeider som direktør for samfunnskontakt i Sparebank1 Gruppen. Han var statssekretær i Finansdepartementet i tre år fram til regjeringsskiftet hausten 2013. Søberg er samfunnsøkonom med doktorgrad i eksperimentell økonomi frå Universitetet i Oslo og utdanning i filosofi og økonomi frå London School of Economics. Han har tidlegare gitt ut bøkene Senatet som aldri vart. Essay frå Stortinget (2009), Sverdrups ekko. Parlamentariske undersøkingar (2010) og Rapport frå Finansdepartementet (2014).