Eit vintereventyr: roman

Skjønnlitteratur

Eit vintereventyr: roman

Eit vintereventyr utspelar seg i ein arbeidsleir. I eit brutalt og rått kvardagsliv lengtar hovudpersonen etter å bli elska. Håpet om at kjærleiken finst der det finst menneske, same kor forferdelege ting som skjer, tar all plass i tankane hans. Eit vintereventyr utspelar seg i ein arbeidsleir. I eit brutalt og rått kvardagsliv lengtar hovudpersonen etter å bli elska. Håpet om at kjærleiken finst der det finst menneske, same kor forferdelege ting som skjer, tar all plass i tankane hans. Det er ei historie om galskap og avgrunn, men også om kjærleik og lengsel. Uansett kven ein er, må ein vere i det ein er, for å få lov til å vere ei tid på jorda. Dette skaper ein spenstig dynamikk i denne mørke romanen.
329,00 kr
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252182224
Jan Roar Leikvoll
Om forfattaren

Jan Roar Leikvoll

Jan Roar Leikvoll (1974-2014) kom frå Frekhaug i Nordhordaland og studerte ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008 og følgde opp med ytterlegare tre romanar: Fiolinane (2010), Bovara (2012) og Songfuglen (2013). Forkynnaren (2015) blei publisert posthumt. Han blei frå og med debuten omtalt som ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny norsk litteratur. Bøkene hans er kjenneteikna av eit brutalt, rått, men samtidig vakkert og kjenslevart språk, der yttergrensene av menneskelig erfaring blir portrettert. Leikvoll var ein original forteljar som hadde mot til å gå sine heilt eigne vegar, og for dette hausta ros frå både kritikarar og lesarar. Leikvoll blei nominert til fleire prisar, og mottok Sigmund Skard-stipendet, Samlagsprisen, den prestisjetunge Stig Sæterbakkens minnepris og Bokhandelens forfattarstipend 2013.