Ein liten sjanse
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Ein liten sjanse

Omsett frå nederlandsk av Lars Vikør

9–12 år
Humoristisk og varmt om alvorleg tema. Ei humoristisk og varm bok om noko så alvorleg som redsla for å miste nokon ein er glad i. Ti år gamle Kiek har ein legefar som fartar verda rundt for å trø til der det trengst, og Kiek er redd for at han skal døy ute i felten. Begge foreldra seier at det er veldig liten sjanse for at noko skjer, for kjenner ho nokon som har ein død far, kanskje? For å gjere den vesle sjansen endå mindre tenkjer Kikki ut korleis ho kan gjere det statistisk usannsynleg at faren døyr. For ingen har vel ein død far, ei død mus og ein død hund? Då gjeld det berre å skaffe seg ei mus som kan døy, og håpe at den stinkande gamle hunden heime trekkjer sitt siste sukk. Men det viser seg å vere lettare sagt enn gjort!
249,00 kr
Sider
111
Utgivingsår
2009
Språk
Nynorsk
Omsetjar
Lars Vikør
ISBN
9788252173697
MH
Om forfattaren

Marjolijn Hof

Marjolijn Hof (f. 1956) er ein prisvinnande nederlandsk barnebokforfattar. Det internasjonalt gjennombrotet hennar kom med boka som på norsk har fått tittelen Ein liten sjanse. Rettane til boka er selde til fleire land.