Eg vil at nokon skal vente på meg: noveller

Skjønnlitteratur

Eg vil at nokon skal vente på meg: noveller

Omsett frå fre 4 t 30 min
Når livet sklir ubønnhøyrleg ut, kva gjer ein då? Når kjærleiksmøtet går i vasken på grunn av ein mobiltelefon, eller den siste ultralyden ikkje viser teikn til liv? Når ein for siste gong i livet skal møte den ein har elska mest, eller når pappas tjuvlånte Jaguar møter villsvin nattestid. Menneska i Eg vil at nokon skal vente på meg er skildra med varme og slåande realisme, og dei humoristiske og alvorlege historiene dyrkar fram ei intim interesse for alle dei som rotar livet sitt til. Frå fransk ved Ragnar Hovland. Frå bokmeldingar «En glimrende oversettelse av en god bok» Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende «Underfundige historier med stort spenn og øm varme» Geir Vestad, Hamar Arbeiderblad «Det er fortellinger til forlystelse og fortellinger til ettertanke. Måten de er fortalt på, sitter som et skudd.» Anne Cathrine Straume, NRK
379,00 kr
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234008832
Anna Gavalda
Om forfattaren

Anna Gavalda

(f. 1970) er fødd og oppvaksen i utkanten av Paris, og bur der også i dag. Ho debuterte med Eg vil at nokon skal vente på meg i 1999. Novellesamlinga vart ein kjempesuksess og selde raskt 200 000 eksemplar berre i Frankrike. Gavalda fekk Frankrikes viktigaste bokhandlarpris i 1999. Hennar største suksess er Saman er ein mindre aleine, som har seld over 2 millionar og er omsett til over 40 språk. Livet, til det betre gjekk rett inn på bestseljarlistene da ho kom ut i Frankrike.