InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Eg rissa desse runene

Boksøkprisen 2024
«Eg rissa desse runene» likner en roman med et kollektiv av jeg-fortellere fra middelalderen. Novellesamlingen gir dikterisk liv til runepinnenes anonyme «SMS- meldinger» som får frem at mennesker, til tross for avsta...»
— Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende
Historiske noveller basert på runeinnskrifter Fiskaren Ragnar dreg opp eit garn som aldri blir tomt for fisk. Havgrim kløyver skallen til Harald med øks og blir lyst fredlaus. 11 år gamle Eidunn blir send vekk frå familien for å gå i lære i nonneklosteret, mens tannknekkaren Bergsveinn minnest Bergtora, som valde å bli dødeleg for kjærleiken sin til han. Novellene i denne boka har ei historisk runeinnskrift som førelegg. Innskriftene stammar frå 1100-1200-talet og varierer mellom enkle beskjedar, merkelappar og kjærleikserklæringar til nidskrifter og magiske formular. Aina Basso pustar liv i menneska og mellomaldersamfunnet, ei tid som er ganske ulik vår eiga, men der sorgene og gledene til menneska vi møter, likevel minner om våre.
429,00 kr
Sider
155
Utgivingsår
2023
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234007521
Meldingar

Sagt om boka

1 omtale

«Runeinnskriftene er fra en periode i norsk historie da gammel og ny tro overlappet i folks sinn, noe Basso levendegjør. Tor og Odin tilkalles i forbannelser, huldre kan dukke opp side om side med Maria-bilder. Nye forbud og væremåter kom inn i kulturen, mens gamle fortellinger og ideer levde videre. Opp i dette levde menneskene sine liv, som best de kunne. Bassos noveller romantiserer ikke, men menneskeliggjør middelalderen.»

— Carline Tromp, Klassekampen

Aina Basso
Om forfattaren

Aina Basso

AINA BASSO (f. 1979) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. Ho har seinare skrive romanar for både ungdom og vaksne, i tillegg til sakprosa for barn og unge om heksejakta i Europa. For ungdomsboka Inn i elden blei ho nominert til Brageprisen i 2012 og Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk råds pris for beste barne- og ungdomsbok i 2013. Ho blei tildelt Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris for romanen Fange 59. Taterpige (2010). For Finne ly (2014) fekk ho Bokbloggerprisen i kategorien Årets roman. I 2022 blei Basso tildelt Samlagsprisen for den skjønnlitterære forfattarskapen sin. Ho blei òg nominert til Brageprisen i open klasse: sakprosa for barn og unge for Dei dødsdømde. Aina Basso var festspeldiktar for Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda i 2022 og festivalforfattar for Falturiltu i 2023.