Barn og ungdom

Eg er V-vida: roman

12–16 år
«Dagboktekstane kunne ha vore henta rett frå jenterommet. Solheim let Vida skildre skam, sjølvhat og blid skravling om kvarandre.»
— Klassekampen
Kunsten å vere seg sjølv. Tretten år gamle Vida stammar, m-mmasse. Og som om ikkje det var nok, har besteveninna hennar nettopp flytta sin veg, og Vida må byrje i niande klasse utan henne. Mamma skjønar som vanleg ingenting og meiner Vida lett kan finne seg nye vener. Men korleis skal Vida klare det når ho ikkje eingong klarar å seie sitt eige namn? Ein dag byrjar Viktor i klassen til Vida. Viktor har cerebral parese og haltar på eine foten, men likevel blir han inkludert med ein gong. Kva er det Viktor gjer som Vida ikkje får til? Og finst det noko ho kan gjere for å legge stygge, stotrande Stamme-Vida bakom seg, ein gong for alle?
199,00 kr
Utgivingsår
2024
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234012082
Meldingar

Sagt om boka

1 omtale

«I sin andre ungdomsroman skildrar Tone E. Solheim stamming med stor litterær kraft.»

— Barnebokkritikk

Tone E. Solheim
Om forfattaren

Tone E. Solheim

Tone E Solheim (f. 1989) debuterte med ungdomsromanen Svarttrasta syng om natta i 2021. For denne mottok ho Nynorsk barnelitteraturpris og blei nominert til Uprisen. I 2024 gav ho ut Eg er V-vida. Promille er den tredje romanen hennar.