Svarttrasta syng om natta: roman
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Svarttrasta syng om natta: roman

12–16 år
«Svarttrasta syng om natta er på sin side forbilledlig i sin ukompliserte og naturlige fremstilling av å være forelska i en av samme kjønn.»
— Ida Skjelderup, Periskop.no
Edith + Martha = sant Dette er historia til Edith, som hatar alt og alle. Som gøymer seg i hettegenserar, blir kviskra om i klasserommet, og som mest av alt skulle ønske ho kunne forsvinne heilt og fullt. Men dette er òg historia til Martha, som elskar Beatles, saknar far sin og prøver å sjå det beste i alle, uansett kva. Edith og Martha er ulike som natt og dag, men blir likevel dratt mot kvarandre når dei begynner i same klasse på vidaregåande. Eit uventa vennskap oppstår, og det viser seg at dei har mykje meir til felles enn ein gjerne skulle tru. Svarttrasta syng om natta er ei historie om indre stormar og store sakn. Men det er òg ei kjærleikshistorie, ei historie om tillit og håp, og om å tore å vere seg sjølv, endå ein ikkje er som alle andre. Tone E Solheim (f. 1989) kjem frå Jølster i Sunnfjord kommune. Svarttrasta syng om natta er den første romanen hennar.
349,00 kr
Sider
261
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234003899
Meldingar

Sagt om boka

3 omtaler

«Svarttrasta syng om natta vitner om en debutant med stort potensial. Jeg ser frem til flere bøker fra Tone E. Solheim.»

— Heidi Sævareid, Barnebokkritikk.no

«Debutant Tone E. Solheim holder stø kurs og vet hvor hun vil med stoffet. Språket flyter godt, men gjør ikke mye av seg, det er som om det arbeider i det stille, og slik løfter alt til overflaten»

— Ingvild Bræin, Klassekampen

«Denne forteljinga er kraftfull, energisk og engasjerer lesaren frå første side.»

— Janne Karin Støylen, Bergens Tidende

Tone E. Solheim
Om forfattaren

Tone E. Solheim

Tone E Solheim (f. 1989) debuterte med ungdomsromanen Svarttrasta syng om natta i 2021. For denne mottok ho Nynorsk barnelitteraturpris og blei nominert til Uprisen. I 2024 gav ho ut Eg er V-vida. Promille er den tredje romanen hennar.