Markus er femten år og har full kontroll. Han har gode venner, gode karakterar og ei søt jente som tekstar han dagleg. Men heime held ting på å gli ut av kontroll. Og det må aldri kome ut. Ingen, ikkje eingong dei som står han nærast, må få vite om mor hans og ølboksane ho prøver å skjule, eller vinflaskene ho prøver å gøyme unna. I alle fall må ingen få vite om det som skjedde i fjor vår.
Veslesøstera Milla har ikkje merka noko, og pappa seier at alt er fint, at mamma har det betre no, og at det ikkje er noko å bekymre seg for. Men pappa veit ingenting, og om ikkje Markus sjølv tek ansvar for familien, kjem alt snart til å rakne. Igjen.
Med Promille har Tone E. Solheim skrive ei varm og klok bok om ansvar, drikkepress, alkoholisme i familien og det å miste kontrollen.