Eg er på veg

Helga Gunerius Eriksen

Nominert til Kritikarprisen 2006. Donna er på veg, og det er ingen veg attende til dit ho kom frå. Ho har vore på ferie på Mallorca der ho møtte Jos��. Ho vart gravid, og når boka startar, er ho alt seks månader på veg.

Romanen vekslar mellom forelska tilbakeblikk på sommaren med José og dei harde realitetane heime i Noreg. Donna veit ikkje kva ho skal gjere. Du kan lese meir om Donna og vennene hennar i Stjerna over Bergen og Donna Q av same forfattar, som har skrive fleire bøker for barn og vaksne.

"Månad etter månad, veke etter veke, fylgjer me den gravide tenåringsjenta Donna, i kjappe replikktaklingar med sine næraste, og i kvernande, repetetive indre monologar. Boka opnar i Donna sin sjette svangerskapsmånad, og romanen vekslar mellom forelska tilbakeblikk på Mallorca-sommaren med Josè og den knallharde kvardagen i Bergen. Trass i ein tungt alkoholisert far, ei psykisk sjuk mor og den narkomane broren Peter, er det ikkje noko eindimensjonal offersoge me vert vitne til. Donna er steintøff, ja det er mest som lesaren tenkjer, dette går ikkje an dette er ikkje sant men ikkje ei tåre fell på puta til Donna, ikkje ein vond eller vankelmodig tanke om barnefaren Josè ytrar vår heltinne. Romanen skildrar ekstremtilstanden, forelskinga og graviditeten, i fysisk og mentalt eksil. "

Frå grunngjevinga til nominasjonen til Kritikarprisen for beste barne- og ungdomsbok (sjå www.kritikerlaget.no)

Frå Bokmeldingar

"En kompromissløs tekst om en tenåringsjentes mentale og fysiske vei til å bli mor... Donna er en tøff jente, og Helga Gunerius Eriksen får frem styrken hennes i en tekst som aldri viker tilbake for de mest krevende forsøkene på å gå inn i denne ekstreme opplevelsen. "
Mette Hofsødegård, Aftenposten

"I Eg er på veg skaper hun en vellykket spenning og spennvidde i Donnas karakter gjennom den språklige kontrasten mellom Donnas korte, mutte, motvillige setninger i erkjennelsesprosessen som gjelder graviditeten og nåtiden, og de mer fortellende, reflekterende, dialogiske passasjene hvor hun går gjennom sommerforelskelsens hendelsesforløp."
Inger Østenstad, www.barnebokkritikk.no

"Fortellingen er holdt i et prosalyrisk språk, Donna har synsvinkelen og hele fortellingen er hennes fra innsiden. Det gjør den personlig og tett på. Den er troverdig og ekte .... man får stor sympati og sans for Donna. Det er en stille fortelling om ei steil og sterk jente som prøver å klare seg tross alle odds. Så vi følger henne, hele veien, akkurat som venninnen gjør."
Vera Grønborg Aubert, Vårt land


ISBN: 9788252169096

Kategoriar: Helga Gunerius Eriksen

Emneknagg: 2006, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Helga Gunerius Eriksen