Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd
Hefta

Romanar og noveller

Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd

Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd spenner frå realistiske situasjonar til absurde fabuleringar, frå nostalgiske barndomsminne til humoristiske påfunn.

Novellene i Indianarar handlar om unge og gamle menneske som opplever at kvardagen brått kan snu og bli dramatisk.

249,00 kr
Rune F. Hjemås
Om forfattaren

Rune F. Hjemås

Rune F. Hjemås (f. 1982) er frå Heimdal utanfor Trondheim. Han debuterte i 2008 med prosasamlinga Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd, og gav året etter ut novellesamlinga Indianarar. Debutboka fekk gode meldingar, og oppfølgjaren Indianarar, som kom i 2009, blei kåra til ei av årets beste bøker av Klassekampen og hamna som nr. 4 på Adresseavisens liste over beste skjønnlitterære bøker i 2009. I 2021 kom den første barneboka hans, Ein bror i verdsrommet. Hjemås har saman med Mathias R. Samuelsen vore redaktør for Ny amerikansk poesi frå 2018. I 2024 kjem band nummer to.

Hjemås har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland, og har teke mastergrad i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen og Oslo. Han har sidan 2001 delteke i fleire antologiar, og skriv jamleg for ulike tidsskrift, aviser og bloggar. Han fekk i 2018 Trondheim kommunes bykunstnarstipend og bur for tida i Adrianstua.