Eg elska ho

Skjønnlitteratur

Eg elska ho

Omsett frå fre 4 t 20 min
Debutromanen til Anna Gavalda. "Eg elska ho" er ein roman om skilsmisse og einsemd. Men det er like mykje ein roman om den verkeleg gode samtalen, og om samhald og støtte. For fjorten dagar sidan var Chloé framleis ei godt tilfreds kone og mor. Så pakka Adrien kofferten og drog til elskerinna si. Og Chloé sit igjen med eit liv ho meiner ligg i ruinar, og dei to små døtrene ho og Adrien har saman. Fordi ho er ulykkeleg, bestemmer svigerfaren seg for å ta henne med på landet. Fordi ho ikkje vil ete, bestemmer han seg for å lage mat til henne. Fordi ho ikkje sluttar å gråte, går han i kjellaren etter ei flaske god vin. Det blir seint og tid for oppbrot. Men dei blir sitjande. Han begynner å snakke. For første gong fortel han nokon om seg sjølv, om livet sitt, om ho han ikkje kunne få.
379,00 kr
Utgivingsår
2008
Språk
Nynorsk
ISBN
9788242137739
Anna Gavalda
Om forfattaren

Anna Gavalda

(f. 1970) er fødd og oppvaksen i utkanten av Paris, og bur der også i dag. Ho debuterte med Eg vil at nokon skal vente på meg i 1999. Novellesamlinga vart ein kjempesuksess og selde raskt 200 000 eksemplar berre i Frankrike. Gavalda fekk Frankrikes viktigaste bokhandlarpris i 1999. Hennar største suksess er Saman er ein mindre aleine, som har seld over 2 millionar og er omsett til over 40 språk. Livet, til det betre gjekk rett inn på bestseljarlistene da ho kom ut i Frankrike.