Du som er i himmelen

Generell litteratur

Du som er i himmelen

Kva gjer det med gudstrua når ein mistar eit barn? Å skrive om eiga tru er i ein viss forstand å kle seg naken. Kristen tru er verken eit paradenummer eller eit vasstett system. Trua er ein liten og sårbar ting. Noko det kan vere skummelt å vise fram. I Du som er i himmelen går Alf Kjetil Walgermo i møte med dei store spørsmåla. Etter å ha mista eit barn rett før fødselsterminen blei han og kona kasta inn i eit eksistensielt mørke. Går det likevel an å tru på ein god Gud? Å tru på ein Gud i det heile? Walgermo undersøkjer nokre av grunnsteinane i den kristne trua. I ein modig og personleg tekst tek han oss med inn i den djupe sorga over å ha mista eit barn, og korleis dette har påverka hans eige livssyn. I kontrast til mørket står det kristne håpet om nytt liv og nytt lys. Er det ei desperat handling å slutte seg til eit slikt håp? Med gravferda til dottera som ramme går Walgermo til kjernen av den kristne bodskapen. Kva betyr denne bodskapen for han? Og er trua noko som står seg i Noreg i vår tid? Boka er ein del av serien Norsk røyndom.
349,00 kr
Sider
58
Utgivingsår
2018
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252196726
Alf Kjetil Walgermo
Om forfattaren

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo (f. 1977) kjem frå Sunnmøre og er busett i Oslo. Han har skrive fleire kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne og er omsett til ei rekkje språk. Dei enkeltståande bøkene Mor og far i himmelen, Mitt bankande hjarte og Kjære søster kan lesast som ein trilogi om eksistensielle spørsmål. I 2017 gav han ut Røff guide til Bibelen, i 2020 kom Bibelens kvinner og i 2025 kom Litteratur og Andeby - Donald Duck og bøkene. Donald Duck har vore ein hemmeleg lidenskap sidan barndommen.

Fleire foto:


Foto: Tone Leksbø Walgermo