Draumen om Abebe Bikila: reisebrev frå Etiopia
Fascinerande reiseskildring frå Etiopia. Denne dokumentarboka gir eit spennande bilde av Etiopia, eit av dei største og mest folkerike landa i Afrika, eit land vi ofte møter i nyheitene. Trass i at Etiopia er eit av dei fattigaste landa i verda, er det eit land med store menneskelege ressursar. Heilt sidan nasjonalhelten Abebe Bikila vann OL-maraton berrføtt i 1960, har landet vore verdas beste løparnasjon. Svein Sæter lèt oss møte stolte enkeltmenneske med sterk livshistorie og stor viljestyrke. Draumen om Abebe Bikila er den evige etiopiske draumen om betre tider.
Meldingar
uttrykk. Miksen av idrett, kultur og samfunnsliv og slående sammenligninger med Norge, gjør dette til en lesefest."

Svein Sæter
Svein Sæter (f. 1960) frå Stangvik på Nordmøre har skrive mange sakprosabøker, ofte med historiske tema. Han blei kjend med familien Haugland då han skreiv Operatøren (2008) i samarbeid med tungtvassabotør og Kon-Tiki-deltakar Knut Haugland og fekk tilgang til unike kjelder. Saman med faren Einar har Svein Sæter skrive den kritikarroste historia om XU, den største og viktigaste norske etterretningsorganisasjonen under andre verdskrigen.
Litterære prisar
Kleivaprisen 2009
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO