Drakeguten

Asbjørn Rydland

Du er den utvalde. Men kven kan du stola på?

Stallguten Koll drøymer om å bli ein stor krigar og kunne gjere som han sjølv vil. Han må velje kven han skal stole på: den krigarske læraren sin, den gode faren, det griske landsbyrådet eller den underlege stemma han høyrer i nordavinden. Kan ein velje å ta det gode sitt parti, etter å ha vore med på å lage vondskap?

Dette er den første boka i ein ny serie på fem.

Frå Bokmeldingar

”Rydland gjør to løfterike ting i sitt debutarbeid som umiddelbart forteller denne anmelderen at han har noe å fare med. For det første fremviser han en sterk litterær evne; mannen kan skrive. For det andre klarer han å gi det poetiske språket en relevans for oss som leser her og nå.”
Marius Fossøy Mohaugen, barnebokkritikk.no

I denne historia har karakterane samansette eigenskapar, dei er ikkje eintydige. Det er ein viktig kvalitet ved romanen som saman med eit svært gjennomarbeidd og poetisk språk peikar seg ut som særmerke ved Asbjørn Rydland si tilnærming til sjangeren. Tema som lojalitet, om å stå for det ein meiner er rett og gjere opp for seg er og sentrale, slik ein vil forvente. Men kor han skriv, denne debutanten! Det som imponerer mest er kanskje korleis han greier å gje det poetiske språket relevans i historia, slik det vert påpeika i meldinga på nettstaden barnebokkritikk. Bokmålsungane kjem til å gløyme at dei les nynorsk, og nynorskungane får eit førsteklasses skriftleg førebilete i denne teksten. Det viktigaste er at dei får høve til å lese denne boka, fordi det er slike bøker som gjer at ungdom les!
Janne Karin Støylen, nynorskbok.no


ISBN: 9788252179965

Kategoriar: Asbjørn Rydland, Barne- og ungdomsbøker, Pocket

Emneknagg: 2011, Pocket,

Sjanger: Barn og unge



Meir frå Asbjørn Rydland