Dr Munks popleksikon
Innbunden

Dr Munks popleksikon

Hovland avslører både god og dårleg smak, og viser såleis for ein gongs skyld menneske lege sider. Ikkje minst ved å innrømme at han har vore forelska i Barbra Streisand. Her er endeleg pophistoria slik den skulle ha vore skriven, og ingen har frå no av noka orsaking for ikkje å vite kven som til ei kvar tid spelte i John Mayall_x0092_s Bluesbreakers.

Dette er verdas mest subjektive popleksikon, i tillegg til ein musikalsk sjølvbiografi, og forfattaren tar ikkje imot kritikk, verken for eigne vurderingar eller for alle dei som ikkje kom med.

429,00 kr
Ragnar Hovland
Om forfattaren

Ragnar Hovland

Ragnar Hovland (f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979, har han utgitt over 50 bøker i dei fleste sjangrar, for både vaksne og barn. Han har mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Kritikerprisen, Brageprisen, Dobloug-prisen og Bastian-prisen.

Fleire bilete, tekne i lag med Steffen Kverneland, fotograf Johanne Nyborg: