Død eller levande: roman

Barn og ungdom

Død eller levande: roman

12–16 år
Tvillingar med uvanlege evner. Eg kan sjå ting andre ikkje ser. Eg kan høyre lydar andre aldri høyrer. Eg kan sanse skuggane som glir i bakgrunnen. Tvillingane Simon og Katrin kan sanse og fornemme meir enn andre. Særleg hos Simon er Evna sterk. Ein dag kjem ein ukjend mann til dei med eit oppdrag: Han treng hjelp til å finne dotter si, som forsvann for over tretti år sidan. Simon og Katrin må gå inn i sprekkar av tid og rom - og inn i Bekkedalen. Boka er del av "Grøss og gru" - ein ny grøssarserie for ungdom, utvikla i samarbeid med Leser søker bok. Lars Mæhle (f. 1971 på Sunndalsøra) har skrive ei rekkje bøker for barn, ungdom og vaksne. Fantasyromanen Landet under isen blei tildelt Kulturdepartementets litteraturpris, Uprisen, Fabelprisen og var nominert til Brageprisen.
249,00 kr
Utgivingsår
2018
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252195019
Lars Mæhle
Om forfattaren

Lars Mæhle

Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn, unge og vaksne og har fått Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok, Uprisen og Fabelprisen.

Han debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper'n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Denne fekk han Kulturdepartementets litteraturpris for beste barn- og ungdomsbok, og vart dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikt i dei tre store verdsreligionane jødedom, kristendom, islam står sentralt.

Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar.