Djup redsle. Djup ro: dikt

Skjønnlitteratur

Djup redsle. Djup ro: dikt

Klangpoesi i antropocens tid. Med utspring ein plass i det vestnorske landskapet sildrar dikti til Karl Seglem som ei liti å ut i verdi. Først lydleg og musikalsk, men med gradvis større vassføring utviklar den seg til ei vill og veldig elv som tek opp i seg personlege og globale drama som saman utgjer den verdsomspennande miljøkatastrofen me alle står i. «Djup redsle. Djup ro» er ei diktsamling som bølgjar frå rein dystopi til von og kjærleik - og tru på mennesket.
349,00 kr
Sider
61
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234009464
Karl Seglem
Om forfattaren

Karl Seglem

Karl Seglem (f. 1961) frå Årdalstangen er internasjonalt kjend som innovativ komponist og musikar med eit særeige uttrykk i grenselandet mellom jazz, folkemusikk og elektronika. Poesien har ein sentral plass i musikken hans, slik musikken også har ein sentral plass i poesien. Seglem debuterte litterært i 2006 med diktsamlingi Stilla er ein åker. Djup redsle. Djup ro er den femte diktsamlingi hans.