Stilla er ein åker
Hefta

Stilla er ein åker

Nokon har sagt at dikt = meining + musikk. Sjeldan stemmer dette betre enn for musikaren Karl Seglems debutbok, men det er ikkje ei songbok. Dikta er sterke og musikalske. Med stor autoritet skriv Seglem seg inn i ein sterk vestnorsk dikttradisjon med motiv henta frå vatn, fjord og fjell. Ein kjenner kan hende igjen noko frå Jon Fosse og Olav H. Hauge, men først og fremst liknar dette på Seglem sjølv.

429,00 kr
Karl Seglem
Om forfattaren

Karl Seglem

Karl Seglem (f. 1961) frå Årdalstangen er internasjonalt kjend som innovativ komponist og musikar med eit særeige uttrykk i grenselandet mellom jazz, folkemusikk og elektronika. Poesien har ein sentral plass i musikken hans, slik musikken også har ein sentral plass i poesien. Seglem debuterte litterært i 2006 med diktsamlingi Stilla er ein åker. Djup redsle. Djup ro er den femte diktsamlingi hans.