Dikt i samling

Skjønnlitteratur

Dikt i samling

Olav H. Hauge (1908-1994) debuterte i 1946 og blir rekna som ein av våre fremste lyrikarar frå etterkrigstida. Titlane på dei sju diktsamlingane han gav ut er reine dikt i seg sjølve: Glør i oska, Under bergfallet, Seint rodnar skog i djuvet, På ørnetuva, Dropar i austavind, Spør vinden og Janglestrå. Han gav også ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk, og er sjølv blitt omsett til fleire språk. I denne samleutgåva finn du alle dikta hans, både dei lange balladane, dei vakre sonettane og dei korthogne haiku- og tingdikta.
329,00 kr
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252185829
Olav H. Hauge
Om forfattaren

Olav H. Hauge

Olav H. Hauge (1908–1994) er den fremste norske lyrikaren i etterkrigstida og var både klassisist og modernist. Han debuterte som forfattar i 1946.

Gartnaren frå Ulvik kalla seg gjerne sjølv ein vanleg arbeidsmann. I norsk bokheim vart han ein uvanleg arbeidar, ruvande som arvtakar og som nydyrkar. Frå heimen på Rossvoll skaffa han seg vidt utsyn og store kunnskapar. Han gav ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk. Hans eigne dikt har også nådd langt ut i verda, og gjendiktingane er komne på eit kvart hundre språk.

Olav H. Hauge var både klassisist og modernist; han kjende og brukte mange strofeformer og poetiske verkemiddel. Nettopp den veldige spennvidda mellom korthogne strofer og formfullenda sonettar har hatt ein eineståande appell på tvers av generasjonane. Den folkekjære diktaren er særleg kjent for kjærleiksdikta sine.