Dette leika vi med

Marit Stemshaug | Ola Stemshaug

Historisk dokumentasjon av leiketøy som har vore brukt i Noreg og om leiken og den språklege tradisjonen knytt til dei.

Denne boka gir innblikk i ein spennande del av norsk kulturhistorie – barneleikene. Boka fortel om vanlege og mindre vanlege leiketøy som har vore brukte i Noreg, og om leiken som har vore knytt til ulike leiketøy. Det er først og fremst den ikkje-industrielle barnekulturen som blir dokumentert i boka.

Heimelaga leiker med tradisjonar fleire hundreår tilbake blir presenterte, frå ulike spel med terningar og pinnar, til tidlause leiketøy som dokker, rangler og leikehestar. Forfattarane har samla eit stort og unikt kjeldemateriale frå heile landet, og har også utforska den breie språklege tradisjonen som følgjer leiketøya og leikene.

Dette leika vi med er ei rik kjelde til kunnskap for alle som er interesserte i norsk folkeminne og folkekultur, men vil også vere til inspirasjon for alle som arbeider med barn og barnekultur til dagleg.


ISBN: 9788252164800

Kategoriar: Høgskule og universitet, Marit Stemshaug

Emneknagg: 2004, Hefta,

Sjanger: Historie og kulturvitskap



Meir frå Marit Stemshaug