Det var DDR: forteljingar om eit nedlagt land

Generell litteratur

Det var DDR: forteljingar om eit nedlagt land

3. oktober 1990 vart DDR lagt ned og Tyskland samla. Denne boka byr på forteljingar om det som vart att etter DDR. Her møter du folk med merkelege, opprørande og triste historier. Alt frå stasimedarbeidarar og leiande personar i kommunistpartiet, til menneske som vart offer for eit brutalt diktatur. Alle desse historiene har sin plass i den store forteljinga om DDR. Med nærgåande portrett teiknar Astrid S. Dypvik eit levande bilete av republikken og korleis han gjekk i oppløysing hausten 1989.
149,00 kr
Sider
217
Utgivingsår
2013
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252182996
Astrid Sverresdotter Dypvik
Om forfattaren

Astrid Sverresdotter Dypvik

Astrid Sverresdotter Dypvik (f. 1977) er journalist og historikar. Ho er redaktør i Syn og Segn og har tidlegare arbeidd i Nationen, Morgenbladet, Klassekampen og Dag og Tid. Dypvik har gitt ut bøkene Det var DDR. Forteljingar om eit nedlagt land (2012) og Berlinhistorier. Kald krig i den delte byen (2017).