Om boka
Sitat frå melding
«Iversen er uredd i utforskinga av det kvinnelege begjæret etter å bli sett og den parallelle frykta for eksponering … Det sceniske potensialet i teksten inviterer lesaren – og tilskodaren – til å bli del av det blikket karakterane både søker og avviser … Ein av styrkane til teksten er korleis Iversen gjev rom for kompleksitet og nyansar … Det sanne og det synlege har ei dramatisk kraft som eignar seg godt for scenisk framføring, og det gir rom for eit mangfald av tolkingar frå ulike regissørar … Iversens tekst står som eit sterkt feministisk verk i ei tid der vi framleis kjempar for kontroll over våre eigne narrativ og retten til å definere eigne erfaringar og identitetar utan å bli overstyrte av forventningane til dei andre. Ho viser oss at blikket alltid vil vere ei kjelde til både makt og sårbarheit.» - Rania Broud, Vinduet «Kristina Leganger Iversen gir oss et lettlest og effektivt, men også mangefasettert, stykke politisk kunst ... full av humor, varme og grundig innsikt i jenter og kvinners psykologi og sosiale vilkår (...) Uten å rette noen moraliserende pekefinger ... så maner boken til kamp for likestilling og retten til å bestemme over egen kropp. Boken henvender seg like mye til modne kvinner som har lært å iscenesette sin feminitet fra et "jenteblad som kom ut ein gong i månaden", som til de unge som prøver å danne seg en trygg identitet på "ti timer skjermbruk hver dag". Men jeg vil fremheve at gutter og menn har spesielt godt av å lese den.» - Frode Johansen Riopelle, Morgenbladet «Aktuelt om mørke straumdrag i tida … kor kvinner blir umenneskeleggjort av reaksjonære krefter, og reine, jomfruelege kvinnekroppar er eit ideal.» - Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende «Kristina Leganger Iversen treffer tidsånda rett i magen ... [E]i mangefasettert innføring i korleis det er å leve i denne spenninga mellom ønsket å bli sett, skam over det ønsket og redsla for konsekvensane ... Det gjennomgåande motivet er blikket, spesielt korleis andres blikk formar måten du ser deg sjølv på. Det er særs aktuelt no som visuell kultur har blitt så dominerande i sosiale medium ... [D]en dialogiske forma er open og fleksibel, gir rom for ei mengd ulike erfaringar ... Erfaringane får fram absurditeten i kva kvinner kan kome ut for ... Også meir kvardagslege erfaringar av feilslått kommunikasjon viser kor ulikt verda kan arte seg for menneske med ulik kjønnsidentitet ... Teksten kan fungere godt som ein samtalestartar om problemstillingane, og det er lett å sjå for seg at han kan setjast opp på ei scene.» - Merete Røsvik, Klassekampen