Er lærarane i skolen forsiktige, konturlause og redde for å ta forpliktande verdistandpunkt? Er det verdinøytralismen som kjenneteiknar læraren sitt måte med elevane? L97 slår fast at skolen har ei oppsedingsplikt, lærarane skal påverke: Denne boka viser korleis viktige verdiar kan gjerast levande og formidlast i klasserom og skolemiljø. Skole er meir enn fagkunnskap, skole skal også vere hjelp til å lære å leve. I eit samfunn der verdiar og normer er i stadig endring, treng denne oppgåva prioritet. Boka er delt i tre. Første delen tek opp spørsmål om ungdom og verdiar, læring og oppseding generelt. Andre delen presenterer verdiformidling i ein del sentrale fag: norsk, samfunnsfag, natur- og miljølære, kroppsøving og KRL. Tredje delen tek for seg spørsmål i samband med skolens pedagogiske og sosiale miljø og klassestyraren, rektor og foreldra sine roller. Bidragsytarane i boka har bakgrunn frå samfunnsforsking, frå mange års arbeid i lærarutdanning og grunnskole og som foreldre til barn i skolen. Dei kjenner utfordringane og har viktige synspunkt på kva skolen kan gjere i sitt daglege arbeid.