Den teksta versjonen

Stephen J. Walton

Boka handlar om amerikaniseringsdiskursen til dei franske intellektuelle. Hovudtemaet kan formulerast lettast som to spørsmål: Korfor oppfatta franske intellektuelle visse typar endringsprosessar under moderniteten som ei amerikanisering? Og kva har det å seie at dette perspektivet er forlate under postmoderniteten, slik at dei same prosessane no vert oppfatta som ��globalisering��?

Den første delen av boka er ei kronologisk gjennomgåing av historia til den franske diskursen om Amerika. Walton undersøkjer så i den andre bolken den realhistoriske påstanden som amerikaniseringsdiskursen bygde på at USA fungerte som imperialistisk stat. Konklusjonen her er at USA i tida sidan 2. verdskrigen faktisk har hatt ein aktiv kulturell utanrikspolitikk som har brukt spreiinga av massekulturelle produkt og bilete strategisk i konsolideringa av eit verdsomspennande maktsystem. Hovudpåstanden i den franske diskursen kan altså ikkje avskrivast som rein ideologi, jamvel om han primært kan forståast som uttrykk for feil tilpassing til endra franske tilhøve. Til slutt ser Walton på tre nyare franske teoretikarar frå 2002, altså i skuggen av dei velta tårna i New York, som kvar for seg har skrive om den franske amerikaniseringsdiskursen. Denne musealiseringa av diskursen er i seg sjølv eit uttrykk for at han for tida ikkje lenger er særleg verksam, og er skifta ut med «globalisering». Globalisering er amerikanisering utan fast adresse.

Det er dei intellektuelle som har produsert amerikaniseringsdiskursen. Dei prosessane som dei har forstått som amerikanisering er aspekt ved moderniseringa som har vore særleg problematiske for dei som gruppe. Grunnen til å studere franske intellektuelle i dette perspektivet er nettopp at fallhøgda for dei har vore størst. Særleg den intellektuelle sjølvforståinga som voks fram etter Dreyfus-saka, der den intellektuelle legitimt går utover sin fagkompetanse og opptrer som talsmann eller -kvinne for det vidare samfunnet, vart utfordra av spesialisering, teknokrati og av framveksten av medieoffentlegheita, prosessar som altså vart konseperte som «amerikanisering». Det statustapet som dei intellektuelle leid kunne delvis oppvegast ved at ein sette seg sjølve i scene som leiarar for ein kulturell motstandskamp mot Amerika, samtidig som utgangspunktet for denne kampen var at den på førehand var tapt. Den differensieringa som amerikaniseringsdiskursen bygde på i høve til populærkulturen, fungerte også som hindring for å byggje nødvendige politiske alliansar: Eit gjennomgåande trekk ved dei fenomena som vart stigmatiserte som amerikaniserte, var at dei høyrde til den populære massekulturen, ikkje til dei intellektuelle sine praksisfelt.

Temaet er viktig, har stor verdi og det seier noko grunnleggjanda om daning, ytringsfridom og ein essensiell diskurs som ikkje berre omfattar intellektuelle, men òg politikk og media, dvs den opplyste offentlegheit. Dei prosessane som gjer seg gjeldande i Frankrike er allmenne, men er spesielt synlege der pga. det intense konfliktnivået omkring amerikaniseringa. Oppfatningar av Amerika har stått sentralt i ideologiproduksjonen i alle européiske land under moderniteten. Haldninga til Amerika har definert dei intellektuelle i høve til dei samfunna dei har levd i. Særleg sidan den andre Irak-krigen byrja, har oppfatningar av Amerika igjen vorte til eit sentral skilje i det politiske livet. Dermed er det viktig at ein tek ei historisk opprydjing i omgrepa som er blitt brukte i dei europeiske historiene om Amerika, slik Walton gjer det her. Dette er på mange måter eit standardverk om amerikaniseringa

Frå Bokmeldingar

"I årets norske sakprosa er Stephen J. Waltons analyse av forholdet mellom europeisk og amerikansk kultur en av de beste, viktigste og mest velskrevne bøkene jeg har lest. "
Tom Egil Hverven, Klassekampen


ISBN: 9788252169430

Kategoriar: Stephen J. Walton

Emneknagg: 2006, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Stephen J. Walton