Den einaste kjolen

Marit Kaldhol

Kaldhol kjem på ny ut med ein sterk diktsamling. "den einaste kjloen" er ei samlinga som er påfallande heilskapleg og velredigert. Alle dei korte dikta er haldne innanfor same univers: Den mytiske sjølvopplevinga der tidlege opplevingar i livet framleis er levande og tilgjengelege og blandar seg med opplevinga av nåtida og framtida.

Kjolen det er snakk om i titteldiktet er pusten og røysta, d.v.s. det som er «eg» når alt trivelt personleg er borte, ein kunne kalle det sjela, ein kunne kalle det livskjensla eller det poetiske liv. Heile boka er delar av den prosessen det er å leve og modnast og eldast og å kome overeins med sitt eige liv og å finne ei utanforliggjande og overordna ro.


ISBN: 9788252163155

Kategoriar: Marit O Kaldhol

Emneknagg: 2005, Hefta,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Marit Kaldhol