Den beste hausten er etter monsun: roman

Skjønnlitteratur

Den beste hausten er etter monsun: roman

Sikkimsdalen i Himalaya. NATO har erstatta det britiske imperiet. Jagarpiloten Venor reflekterer, med eit distansert, altoverskodande blikk på verda, over si rolle i storpolitikken. Ikkje langt frå basen bur og arbeider tebonden Pasi. Blikket hans er retta mot dei nære tinga, mot jorda og teplantene, med det mål om å få grønsaker og planter til å vekse og trivast. Gjennom å skildre alt frå dei høgaste, tynnaste luftlaga til dei minste minerala i jorda, utforskar Karlsvik personlege og nasjonale relasjonar. Ho lèt kvardagen til hovudpersonane spele seg ut mot ein global bakgrunn, og viser korleis politiske, økologiske og militære spørsmål også er ein del av det dagleglivet.
329,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252184075
Mette Karlsvik
Om forfattaren

Mette Karlsvik

Mette Karlsvik (f. 1978) debuterte i 2005 med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden, som ho fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. I 2012 fekk ho både Bokhandlarstipend, Stig Sæterbakkens minnepris og Skien kommunes kunstnarstipend. Romanen Bli Björk (2011) blei nominert til Brageprisen. Forfattarskapen hennar er kjenneteikna av eit unikt blikk på verda, eit blikk som famnar alt frå det mikroskopiske til det globale, gjerne i éi rørsle og setning.