Brakk: roman

Skjønnlitteratur

Brakk: roman

I Brakk møter vi igjen hovudpersonen Geir ti år etter at Nyryddinga slutta. Geir er altså eldre og faren er død. At faren er borte og garden seld, har gått usedvanleg sterkt inn på Geir. Han taklar sorga ved å kjøpe seg eit lite småbruk der han nesten jobbar vettet av seg. Men mora vil helst det annleis. Ho vil at han skal komme seg vekk frå garden. Boka toppar seg i eit for hovudpersonen eksistensielt val: Skal han halde fram på bruket, eller skal han avvikle drifta? På mange vis går Geir inn i sin eigen fars plass, og gjentek farens bevegelsar og tankar i sterk grad. Brakk er ei nydelig og sterk skildring av ein grensetilstand der eit menneske i ekstrem grad lever mellom fortid og notid og mellom opplevinga av seg sjølv og bildet av ein annan - far.
329,00 kr
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252182156
Sigmund Løvåsen
Om forfattaren

Sigmund Løvåsen

Sigmund Løvåsen (f. 1977) er frå Trysil og er busett på Svartskog i Nordre Follo
kommune. Han studerte ved forfattarstudiet i Bø og Litterär Gestaltning i Göteborg. Han har tidlegare vore leiar for Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring og leiar av Kulturrådet. Løvåsen debuterte i 2003 med
romanen Nyryddinga, og for den blei han tildelt både Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2- lyttaranes romanpris. Han har sidan gitt ut romanar, skodespel, barnebok, biografi og diktsamling. Siste utgiving på Samlaget var diktsamlinga Tusen elgar i garasjen, som han vart nominert til Brageprisen for.