Bovara: roman

Skjønnlitteratur

Bovara: roman

Frrok er gartnar i klosteret ved landsbyen Bovara. Det einaste han vil er å bli elska av Flori, men Flori elskar ei anna. Når Flori, hans einaste støtte i livet, ein dag forlét hagen for å skrive ei bok, opplever Frrok eit enormt sakn, men også stor fridom. Han innser at han har makt over liv og død, og dei vala han tek skal få grufulle konsekvensar.
329,00 kr
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252181203
Jan Roar Leikvoll
Om forfattaren

Jan Roar Leikvoll

Jan Roar Leikvoll (1974-2014) kom frå Frekhaug i Nordhordaland og studerte ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008 og følgde opp med ytterlegare tre romanar: Fiolinane (2010), Bovara (2012) og Songfuglen (2013). Forkynnaren (2015) blei publisert posthumt. Han blei frå og med debuten omtalt som ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny norsk litteratur. Bøkene hans er kjenneteikna av eit brutalt, rått, men samtidig vakkert og kjenslevart språk, der yttergrensene av menneskelig erfaring blir portrettert. Leikvoll var ein original forteljar som hadde mot til å gå sine heilt eigne vegar, og for dette hausta ros frå både kritikarar og lesarar. Leikvoll blei nominert til fleire prisar, og mottok Sigmund Skard-stipendet, Samlagsprisen, den prestisjetunge Stig Sæterbakkens minnepris og Bokhandelens forfattarstipend 2013.