Bouvetøya 2052: roman

Barn og ungdom

Bouvetøya 2052: roman

12–16 år 6 t 59 min
Året er 2052. Startskotet går for tidenes heftigaste nett-reality, ein klimakonkurranse på isolerte Bouvetøya i Sørishavet. Ein ungdom frå kvar verdsdel, kvar med sine unike eigenskapar, skal knive om enorme pengesummar. Dei skal vere offline i tre dagar, mens resten av verda kan følgje dei gjennom liveoverføringar. Men er Bouvetøya 2052 verkeleg ein sjanse til å endre planetens framtid? Mot si vilje blir den norske aktivisten Roland vikla inn i eit spel på liv og død.
279,00 kr
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234004117
Lars Mæhle
Om forfattaren

Lars Mæhle

Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn, unge og vaksne og har fått Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok, Uprisen og Fabelprisen.

Han debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper'n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Denne fekk han Kulturdepartementets litteraturpris for beste barn- og ungdomsbok, og vart dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikt i dei tre store verdsreligionane jødedom, kristendom, islam står sentralt.

Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar.