«Stort sett har det vore tverrpolitisk aksept for at nye generasjonar ungar skulle vekse opp med dårleg råd. Kva gjer det med eit barn å sjå at Noreg har pengar til nesten alt – berre ikkje til dei?» Spørsmålet er stilt av Jens Kihl, som sjølv vaks opp med ei mor som ofte var blakk. Men det var først då dei flytta til Ullevål Hageby på Oslos vestkant, at han fekk oppleve Forskjells-Noreg i praksis. I denne boka tenkjer han tilbake på desse opplevingane og snakkar med mora om korleis ho hadde det. Resultatet er blitt ein skarp samfunnsanalyse og ei ærleg skildring frå ein uvanleg oppvekst. Eller var han så uvanleg? Det prøver denne boka å svare på.