Betre død enn homofil?: å vere kristen og homo
Innbunden

Generell litteratur

Betre død enn homofil?: å vere kristen og homo

Arnfinn Nordbø kom ut av skapet som homofil i det norske bedehusmiljøet og skapte bølgjer ein ikkje skulle tru var muleg i våre dagar. Ved å fortelje sanninga, opplevde Nordbø eit stort offer: han mista ikkje bare det nære forholdet han hadde til familien sin, men også til omgangskretsen og heile det kristne miljøet han hadde vore ein del av. I denne boka fortel han historia si. Om å vekse opp i ein stor og trygg familie, om livet i menigheita, om forkynning, song og musikk. Men òg om skyldkjensle og sterk fordømming. Å stå fram som homofil i eit slikt miljø krev eit mot som få kan førestelle seg - blant tenkjemåtar og reaksjonar som for dei fleste er opprørande. Deretter begynner det møysommelege arbeidet med å byggje opp eit nytt sosialt liv, ei ny tru og ei framtid der fridom og kjærleik er muleg.
449,00 kr
Sider
199
Utgivingsår
2009
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252174489
Arnfinn Nordbø
Om forfattaren

Arnfinn Nordbø

Arnfinn Nordbø er fødd i 1983 i Stavanger og er oppvaksen på Randaberg. Sidan han var 14 år har han reist mykje rundt som songar og forkynnar, særleg i Norsk Luthersk Misjonssamband. Han har gitt ut tre plater med tradisjonelle salmar og bedehussongar. I 2002/2003 budde han eitt år i Ukraina som ulønna arbeidar for stiftinga KPK-Ukraina. Han studerer i 2009 russisk områdekunnskap som inkluderer fag som russisk historie, samfunn, kultur, politikk og språk.

Meir om Arnfinn Nordbø →