Bakken i Lysefjorden
Innbunden

Bakken i Lysefjorden

Ein dag i 1973 reiste Johannes Bakken seg frå frukostbordet, sette døra halvopen etter seg og kom aldri meir tilbake til Bakken. Han var den siste som vandra ned frå fjellheimen i Lysefjorden. Dette er først og fremst den gripande historia om søskenparet Gjertrud og Johannes som budde heile livet i lag på Bakken den dyrekjære Gjertrud - og Johannes fjellbonde, bygningsmann, handverkar, snikkar, murar, smed, steinhoggar, skogsarbeidar, elektrikar, , fraktemann, ørnejeger, lokalhistorikar, , språkmann, naturforskar, stjerneobservatør, politikar, spåmann, grafolog, frimerkesamlar, lesehest, brevskrivar, skribent, diktar, gjestgivar og tusenkunstnar.

Men det er også forteljinga om livet på ein einbålt fjellgard, om dei mest ufattelege krav det sette til folket som budde der - og om kva det vil seie å vere bunden til garden og ætta når draumane kanskje er heilt andre.

Garden Bakken er det no Forsand kommune som eig og driv som feriestad.
449,00 kr
HH
Om forfattaren

Halvdan Magnus Hansen

Halvdan Magnus Hansen er fødd i Larvik i 1953. Han har utdanning i nordisk språk og litteratur, historie og kulturarbeid, og har vore journalist og lærar, frå 1988 kultursjef i Forsand kommune, no seksjonssjef for miljø- og kulturvern same stad.