Avlyst på grunn av sorg: roman

Barn og ungdom

Avlyst på grunn av sorg: roman

12–16 år 3 t 46 min
Kjensler i kaos. «Herregud, eg har sett så mange som liknar på deg, pene, vellykka, frå gode familiar, som siglar i medvind. Så snart det buttar imot, er det krise.» Eline blir dumpa av Jonas, brått og uventa, og opplever si første store kjærleikssorg. Snart går ho på nye, sviande nederlag. På same tid møter ho Tomas, som lever i skjul i skogen. Han gøymer seg for nokon. Kva er historia hans? Og har dei to eigentleg like stor rett til å sørgje? Bruheim utforskar i denne ungdomsromanen det store spekteret av kjensler som finst i ei kjærleikssorg. Ho stiller også spørsmål kring oppvekst, bakgrunn og kor ulike liv ein kan leve i Noreg i dag.
279,00 kr
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234005312
Magnhild Bruheim
Om forfattaren

Magnhild Bruheim

Magnhild Bruheim (f. 1951) debuterte med kriminalromanen Varselet i 1997 og har sidan skrive fleire bøker både for vaksne og ungdom. I 2005 gav Bruheim ut den historiske romanen Trolldomskraft, som byggjer på ei verkeleg hending frå 1730 – ei 13 år gammal jente blir skulda for hekseri og ventar på dommen sin. Bøkene Ny melding (2003), Venneringen (2007) og På flukt (2010) utgjer ein populær serie for ungdom, om Bente og Kami som hamnar i farlege situasjonar. Det som ein gong var (2010) er ei gripande oppvekstskildring som gir eit godt innblikk i ei ung jentes oppvekst på 60-talet, med mange tidsriktige detaljar; filmstjerner, songarar, bilmerke, slagerbøker, papirdokker, mote og musikk. Boka er ifølgje Bruheim sjølv den mest personlege ho har skrive.

Bruheim er frå Skjåk i Gudbrandsdalen. Ho har arbeidd som journalist i fleire avdelingar i NRK, både i Oslo og Lillehammer. Dei siste åra har ho livnært seg som forfattar og frilansjournalist. Bruheim er busett på Lillehammer.