Om boka
Sitat frå melding
Ei god barnebok gjev lesaren ei oppleving med det same og ei røynsle som varer. Kari Stai utnyttar kontrastane og lukkast med begge deler. Jakobs ja sørgjer for å få historia til å setje fart og utfordringane til å vise seg. Neikobs nei peikar på tolkingsrom, opnar språket og koplar på ettertanken. Dialogen mellom dei to gjer at utvalde ord kan få ny tyding for lesaren, ei tyding som kan skape undring og refleksjon.
Janne Karin Støylen, Dag og Tid