InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Passe happy

9–12 år
«I Passe Happy skaper Stai en mer flerdimensjonal karakter, og romanformatet gir rom for større nyanser. [...] Overgangen fra barndom til ungdomstid er jo ofte litt stress. Kari Stai skriver fint om den økende selvbevi...»
— Barnebokkritikk.no
Vinnar av Kulturdepartementets illustrasjonspris 2021! Illustrert barneroman frå Jakob og Neikob-skapar. Juri nærmar seg 12 år og kjenner seg usikker på absolutt alt. Han prøver å finne ut av seg sjølv, kjærleiken, fotballen, og kor langt tunga skal inn i eit kyss før ein ikkje får puste. For Sofi er så fin at Juri mistar pusten. Men Juri vil sjølvsagt ikkje døy. Han skulle ynskje at alt var som før. At pappa ikkje måtte flytte. At bestevenninna Evy ikkje blei så rar. Kvifor har han så mange kjensler? No snurrar jordkloden så altfor fort. Om han berre kunne stått litt meir i ro. Boka er gjennomillustrert av Kari Stai. Kari Stai (f. 1974) er forfattar og illustratør, aller mest kjend for bøkene om Jakob og Neikob. Historiene om desse to blir karakteriserte som moderne barnebok-klassikarar. Dei er omsette tilfleire språk og er blitt animasjonsfilm og teater. Frå juryen til Kulturdepartementets illustrasjonspris: "Dette er ein lågmælt og fin roman om overgangen frå barndom til pubertet, om å finne ut kven ein eigentleg er, og kva som er viktig i livet. Venskap, tilhøve til foreldre og kjærleik - både streit og skeiv - er sentrale motiv. Boka er rikt illustrert av forfattaren. Svart-kvitt-teikningane er i ein naivistisk og tilsynelatande minimalistisk stil. Bilda er effektfulle, dei tilfører boka informasjon som ikkje blir gitt i verbalteksten, dei gir ei kjensle av nærleik til hovudpersonen, og dei har ei plassering som bidrar til å drive handlinga og hovudpersonens utvikling framover. Nokre av dei heilsides bildeoppslaga utgjer sjølvstendige sekvensar i forteljinga, eit grep som signaliserer at kunstnaren stoler på at lesaren kan tenkje sjølv."
329,00 kr
Sider
176
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234002595
Meldingar

Sagt om boka

2 omtaler

«"Kari Stai har fanga essensen i det å vere heilt i starten på puberteten og prøve å finne ut av kven ein er, og kva plass ein har i samfunnet og livet. [...] Kari Stai portretterer Juri og dei andre på finurleg vis, og det gjer det enkelt for born og unge å kjenne seg att i situasjonane og kjenslene." Nynorskbok.no»

— Nynorskbok.no

«"Kari Stai skriver om det med varme og humor, i korthugde setninger som får noen av sidene til å minne om et langdikt, mange av dem vakkert illustrert av forfatteren selv. På overraskende kort tid klarer hun å etablere et troverdig og ekte univers." Jonas Bals, Klassekampen»

— Klassekampen

Kari Stai
Om forfattaren

Kari Stai

Kari Stai (f. 1974) er forfattar og illustratør. Ho har vunne ei rekke prisar, som Brageprisen og Kulturdepartementets debutantpris. Aller mest kjend er Stai for bøkene om Jakob og Neikob. Historiene om desse to blir karakteriserte som moderne barnebok-klassikarar. Dei er omsette til fleire språk og er blitt animasjonsfilm og teater. I 2021 kom ho også med sin første illustrerte roman for barn, Passe happy, som vann Kulturdepartementets illustrasjonspris. I 2022 kom Jakob og Neikob og tidsmaskinen, den aller siste boka om det kjende radarparet.

Sjå alle bøker av Kari Stai →