På flukt: roman

Barn og ungdom

På flukt: roman

12–16 år 3 t 31 min
Under arbeidet med ein dokumentar om innvandrarjenter oppdagar Bente og Henrik ei jente som heilt tydeleg prøver å få kontakt med dei. Ho står i inngangen til ein bygard, men forsvinn før dei finn ut kva ho vil. Bad ho dei om hjelp? Neste dag er jenta der igjen, og snart blir Bente og Henrik involverte i flukta hennar for å koma unna eit tvangsekteskap og ein familie som er villige til å begå æresdrap. Magnhild Bruheim skriv spennande om ungdommar som hamnar i livsfarlige situasjonar. På flukt er den tredje boka i den populære serien om Bente og Kami.
279,00 kr
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234004049
Magnhild Bruheim
Om forfattaren

Magnhild Bruheim

Magnhild Bruheim (f. 1951) debuterte med kriminalromanen Varselet i 1997 og har sidan skrive fleire bøker både for vaksne og ungdom. I 2005 gav Bruheim ut den historiske romanen Trolldomskraft, som byggjer på ei verkeleg hending frå 1730 – ei 13 år gammal jente blir skulda for hekseri og ventar på dommen sin. Bøkene Ny melding (2003), Venneringen (2007) og På flukt (2010) utgjer ein populær serie for ungdom, om Bente og Kami som hamnar i farlege situasjonar. Det som ein gong var (2010) er ei gripande oppvekstskildring som gir eit godt innblikk i ei ung jentes oppvekst på 60-talet, med mange tidsriktige detaljar; filmstjerner, songarar, bilmerke, slagerbøker, papirdokker, mote og musikk. Boka er ifølgje Bruheim sjølv den mest personlege ho har skrive.

Bruheim er frå Skjåk i Gudbrandsdalen. Ho har arbeidd som journalist i fleire avdelingar i NRK, både i Oslo og Lillehammer. Dei siste åra har ho livnært seg som forfattar og frilansjournalist. Bruheim er busett på Lillehammer.