Arbeid pågår: roman

Skjønnlitteratur

Arbeid pågår: roman

Harald Strand har pakka koffert og laptop og reist til Costa Blanca, ein av Europas største byggjeplassar, for å fullføre doktoravhandlinga si om Henrik Ibsens drama. Men han har med seg rastløysa og problema heimanfrå, og borte ved bassengkanten ligg Alice, distraksjon nummer ein. Dette er ein roman om eit samfunn i økonomisk vekst og moralsk forfall. Det handlar også om einsemd, sorg og begjær - og den kollektive lengten etter å finne seg ein plass i sola. Nok ein gong har Eikemo skrive ein underhaldande og samtidskritisk roman med sterkt driv, fine dialogar og ugløymelege scener.
329,00 kr
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252182187
Marit Eikemo
Om forfattaren

Marit Eikemo

 

Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør og leiar for Cornerteatret i Bergen.

Eikemo debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Eikemo har til saman gitt ut seks romanar, den seinaste er Team Tuva (2021). Ho har også skrive essayboka Samtidsruinar.

Marit Eikemos bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018. I 2019 mottok ho Samlagsprisen.

Fotograf: Agnete Brun