Apokalypse Oslo

Generell litteratur

Apokalypse Oslo

Ein kritisk analyse av retorikken i Anders Behring Breiviks manifest 2083 - A European Declaration of Independence. Trua på at språket kan framkalle vondskap, er gamal. I Breiviks manifest og i terroråtaka 22.7. finn vi att ei tru som veks ut av eit apokalyptisk verdssyn der det gode kjempar mot det vonde i ein endeleg kamp. Apokalypsen kasta lange skuggar i valkampen 2011, påstandar hagla, og fleire sa unnskyld. Eller gjorde dei det? Pamfletten Apokalypse Oslo er ein analyse av den apokalyptiske retorikken på den ekstreme høgresida og det politiske ordskiftet før og etter 22.7.2011.
299,00 kr
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252181777
Simon Malkenes
Om forfattaren

Simon Malkenes

(f. 1973) er litteraturvitar og lektor i norsk og historie på Ulsrud vgs i Oslo. I 2008 gav han ut Apokalypse nå igjen?, ei bok som mellom anna analyserte konspirasjonsteoriane hos George W. Bush jr. og Kristian "Greven" Vikernes.