Einar Økland
Einar Økland (f. 1940) er ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur. Han har sidan debuten i 1963 gitt ut nærmare 80 bøker innafor dei fleste sjangrar og motteke ei lang rekkje prisar, m.a. Doblougprisen i 2000 og Gyldendalprisen i 2006.
Økland er frå Valevåg i Sveio, og er utdanna psykolog. Han debuterte som forfattar med diktsamlinga Ein gul dag i 1963 og har seinare følgt opp med romanar, skodespel, essay og barnebøker. I tillegg har han gjendikta store mengder utanlandsk lyrikk og poesi og vore ein sentral skikkelse i dei litterære tidsskrifta Profil og Basar.
Frå Øklands omfattande og mangslungne produksjon har særleg tekstsamlinga Amatør-album (1969) og romanane Galskap (1971) og Stille stunder (1974) blitt ståande som klassikarar. Samtidig som dei er sjangeroverskridande og eksperimentelle, inneheld bøkene den særeigne ironien og humoren, dei burleske innfalla og det stilistiske mangfaldet som kjenneteiknar Øklands forfattarskap. Sjølv har Økland trekt fram diktsamlinga Vandreduene (1968) som ei av sine viktigaste bøker: «Alt eg seinare har skrive, tykkjast ha sprunge ut frå teksttypane i Vandreduene,» skriv han i etterordet til jubileumsutgåva av boka som blei gitt ut i 2010.
I samband med 70-årsfeiringa i 2010 ga Samlaget ut antologien Skriftfest, der Økland blei hylla av forfattarkollegaer som Kjartan Fløgstad, Dag Solstad, Eldrid Lunden, Paal-Helge Haugen, Jan Erik Vold og Ragnar Hovland. Økland bidrog sjølv til feiringa ved å gi ut ei flunkande ny bok, Forteljingar og fablar frå andre tider, som demonstrerte at han framleis er ein meister i dei litterære kortformene.
Økland var festspeldiktar ved Festspillene i Bergen i 1992 og ved Dei nynorske festspela i 2002. Han er sannsynlegvis den einaste norske forfattaren som bur i ein veg kalt opp etter seg sjølv: Einar Øklands veg i Sveio.
Litterære prisar
BRAGES ÆRESPRIS
Brages ærespris 2015
GYLDENDALPRISEN
Gyldendalprisen for 2007.
KARI SKJØNSBERGS PRIS TIL FREMME AV FORSKNING OM BARNE- OG UNGDOMSLITTERATUR
Kari Skjønsbergs pris til fremme av forskning om barne- og ungdomslitteratur for 2006.
DOBLOUGPRISEN
Frå Svenska Akademien 2000.
SAMLAGSPRISEN
Samlagsprisen for 2000.
SIGMUND SKARD-STIPENDET
Sigmund Skard-stipendet for 1998.
NYNORSK LITTERATURPRIS
For I staden for roman eller humor.
MELSOM-PRISEN
For Når ikkje annna er sagt.
ASCHEHOUGPRISEN
Aschehougprisen for 1988.
ASKELADD-PRISEN
Norsk Barnebokforums pris.
PREMIO EUROPEO PIER PAOLO VERGERIO
Premio europeo Pier Paolo Vergerio (Europeisk barnebokpris) i klassen for poesi 1987 for Mellom himmel og jord.
SPRÅKLIG SAMLINGS LITTERATURPRIS
Språklig Samlings litteraturpris for 1985.
KUDS BILETBOKPRIS
For Ein god dag (saman med Wenche Øyen).
NORSK KRITIKARLAGS BARNELITTERATURPRIS
For Sikk-sakk.
NYNORSK BARNELITTERATURPRIS
For Det blir alvor.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO